onsdag 5. august 2015

Kristen på jussen?

Om berre litt er det semesterstart, og dermed tusen (omtrent) ting å tenkje på. Fikse hybel, finne vegen fram til fakultetet, kjøpe pensum, og ikkje minst å finne ut kva moro som er å gjere på fritida. Snart ser du at det er eit vell av organisasjonar og grupper, både i studentbergen generelt og på juridisk fakultet. Éi av dei er JussNavigatørene. JussNavitatørene er den kristne organisasjonen Navigatørene sitt studentarbeid på juridisk fakultet i Bergen. Vi møtest til lunsj og bøn kvar veke, nokre gongar kjem der også gjester som held andakt. Elles arrangerer vi hyggekveldar, temakveldar om tru og turar. Meir informasjon og datoar kjem etter kvart.
Og særleg for deg som skal til å byrje på jussen: vi har ei eiga faddergruppe. Søk på Rusfri faddergruppe på Facebook, eller følg med under tildelinga av faddergrupper. Nokre av tinga du då kan vere med på i løpet av semesterstartsveka er havrafting, curling, Escape Bryggen og middagar.
Enten du skal til på andre eller siste året på jussen, eller nettopp har kome inn, håper vi at nettopp du dukkar opp på ein torsdagslunsj, ein hyggekveld eller vert med oss i fadderveka. Ikkje nøl med å ta kontakt, enten her, på Facebook eller på eit av arrangementa. 
Inntil då - nyt siste sommardagane, og lykke til med semesterstarten!