onsdag 20. januar 2016

Lunsj med Jussnavigatørene


Kvar onsdag kl 11.45- 12.30 koker vi kaffi, sett fram kjeks m.m., tar med matpakka og samlast til lunsj og bønnemøte på Fjøset! 20. januar var intet unntak, og denne formiddagen fekk vi i tillegg internasjonalt besøk av Darrell Doyema frå USA og Steve McClures som leier eit studentarbeid i Southampton. 

Vi hadde ei hyggelig stund saman, der vi fekk høyre og dele litt om navigatørarbeidet i dei ulike landa, og utveksle erfaringar vi har gjort oss rundt dette. Til slutt fekk vi også be saman for arbeidet. Takk for ei hyggelig stund til alle som deltok, og velkommen innom neste onsdag dykk som ikkje hadde moglegheit!

PS: Darrell blir også med på time-out til helga, så dei som skal der kan glede seg til å bli betre kjent med han der!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar