søndag 12. juni 2016

Avslutnings-lunsj


Onsdag 8.juni hadde vi semesterets siste JussNavigatørlunsj saman! Sola skein, og vi valte difor å trekke utandørs for å bokstavleg talt få eit lite pusterom i eksamensinnspurten.

I år var avslutningslunsjen ein spleisefest, og så mykje digg mat har ein vel knapt sett på jussfakultetet tidlegare! Her var det både rundstykke, jordbær, kaffi og kringle og det meste anna eit studenthjarte kan begjære i eksamensveka.

Vi var ein god gjeng, og hadde ei lang og ei meget trivelig stund saman! Likevel var det vemodig å ta farvel med fleire av dei trufaste JussNavigatørene som no skal ut i den store verda. Lykke til i arbeidsliv og på utveksling, håpar vi sjåast på Samuelkonferansen og Kristen i arbeidslivet- middagar! Uttrykksikonet wink

Ønskjer alle saman lukke til på eksamen og ikkje minst ein god sommar! Vi snakkast til hausten!





Blide og fornøyde studenter (til tross for eksamensomstendighetene ;) ) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar